Trekomponentar frå Ryfylke

Fagleg samarbeidspartnar og delprodusent

Vestlamell skreddarsyr produkta ut frå kvalitet og dimensjonar. Me spesialproduserer trekomponentar til dører og vindauge i ulike treslag, samt kombinasjonar av treslag i heil ved og laminerte produkt. Me jobbar tett med kundane våre for å finna dei beste løysingane. Målet er å bidra til estetiske og energieffektive fasadar som løftar både nye og rehabiliterte bygg.

Utanom å levera produkt av høg kvalitet, er vår viktigaste rolle å vera fagleg rådgjevar. Som kunde vil du få god vegleiing på kva som skal til for å skapa dei beste resultata. Når me planlegg kvar einskild produksjon og leveranse, bruker me fagkunnskap og erfaring for å velja ut material med optimale vekstforhold. Val av både lim og tresort er avgjerande. Eigenskapane og fuktreaksjonane til treet, om det er eik, ask eller furu, spelar også ei viktig rolle.

Ta kontakt for tilbod:

Lars Vaage
Lars Vaage
Dagleg og fagleg leiar
+47 975 61 756
lars@vestlamell.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.